Sal av Ozempic på kvit resept blir stansa – skal prioriterast til diabetespasientar

Myndigheitene set no foten ned for sal av det populære legemiddelet Ozempic på kvit resept. Årsaka er ein alvorleg mangel på medisinen, og dei nye tiltaka skal sikre at pasientar med type 2-diabetes får naudsynt behandling.
Frå og med i dag får apotek ikkje lenger lov til å levere ut norske pakningar av Ozempic til personar som har kvit resept, altså dei som betaler medisinen sjølve. Berre pasientar med blå resept – der staten dekkjer store delar av kostnaden – skal kunne få medisinen. Det opplyser overlege Sigurd Hortemo i Direktoratet for medisinske produkt (DMP).
– Dei som brukar Ozempic utan å ha blå resept, må no ta kontakt med legen sin for å finne alternativ behandling, seier Hortemo.
Skal sikre medisin til dei som treng det mest
Ozempic er i utgangspunktet utvikla som behandling for type 2-diabetes, og det er berre denne pasientgruppa som får medisinen dekka av det offentlege. Overlegen forklarer at stansen har to hovudformål: å sikre tilgang for dei som faktisk har behov for medisinen, og å redusere dei offentlege utgiftene knytt til bruk av Ozempic.
Apoteka får framleis selje utanlandske pakningar på kvit resept, men berre fram til 15. juli. Etter det blir det full stopp også for desse variantane.
Kraftig auke i bruken
Det siste året har bruken av Ozempic auka dramatisk, også blant personar utan diabetes. Mange har tatt medisinen for å gå ned i vekt, då den også reduserer appetitten. Dette har ført til eit kraftig press på forsyninga, samtidig som utgiftene til staten har skote i vêret.
Ifølge ferske tal frå DMP har det offentlege allereie brukt 1,2 milliardar kroner på Ozempic berre så langt i år – nesten like mykje som i heile fjor.
– Me må få betre kontroll på utgiftene, seier Hortemo.
Strengare utlevering også for blå resept
Også diabetespasientar som har krav på blå resept, blir no ramma av innstrammingane. Dei får nemleg berre hente ut medisinen for fire veker av gangen. Dette skal hindre hamstring og sikre at fleire pasientar får tilgang til det dei treng.
– Me ønskjer å unngå at pasientar må springe frå apotek til apotek for å finne medisinen sin, seier Hortemo.
I dag brukar om lag 60 000 personar i Noreg Ozempic som ein del av behandlinga mot type 2-diabetes.
Allereie førre veke kom det nye retningslinjer som seier at legar ikkje lenger kan skrive ut blå resept berre på Ozempic – dei må no vurdere andre alternativ også.
Eit legemiddel i vinden
Ozempic er utvikla av det danske selskapet Novo Nordisk og har blitt ein av dei mest ettertrakta medisinane globalt. Den store interessa skuldast ikkje berre effekten mot diabetes, men også den dokumenterte verknaden på appetitt og vekttap.
Dei seinare åra har selskapet opplevd ein formidabel vekst, mykje takka vere det som i media ofte blir omtala som «slankemedisinar».
Myndigheitene har tidlegare uttrykt uro for at personar utan diabetes får tilgang til slike medisinar gjennom blå resept, og har varsla tiltak for å stanse denne praksisen.
Med dei nye reglane håpar DMP og Helsedirektoratet å betre tilgang og tryggleik for dei som medisinen i utgangspunktet er laga for.